søndag 27. november 2016

Takke- og tradisjonsbakst

Ei som var meget godt fornøgd med bakeutstyr og resultat.
Foto: Marit Øvrelid

Då var den fjerde samlinga i studiet overstått og vi har fått laga både lefser, hardingar, søst og flatbrød. Økta var prega av mykje latter og smil og ei støvsky av mjøl både på oss sjølve og på kjøkenet. Konklusjonen eg sit att med er at takkebakst er både sosialt og utruleg morosamt.

søndag 30. oktober 2016

Konservering av kjøt

Lammelår lagt til salting før tørking.
Foto: Mari-Lene Korsnes


Den tredje samlinga på studiet mat, kultur og konservering var vi samla på garden til Eli og Nils Romestrand i Barstadvik. Der fekk vi vere med på slakting og partering av lam og sjå korleis den prosessen føregår. I tillegg fekk vi prøve oss på å lage morpølse av fårekjøt og smake på smalahove og blodpannekaker. Dette var ein svært lærerik dag på mange måtar. Spørsmålet om kvar maten vår kjem ifrå blei verkeleg satt på spissen denne dagen og vi fekk erfare sjølve korleis det er å både sjå og kjenne på maten frå liv til livlaust produkt på fatet. Dette er ei flott erfaring som eg vil anbefale alle til å få med seg om ein nokon gong får moglegheit.

søndag 2. oktober 2016

Familiedag på Volda bygdetun, Haualeite, 25. September 2016


Eg sjølv og Ellen i full konsentrasjon om å få klargjort stasjonen vår til dei besøkande kjem.
Foto: Sindre Hansen

Under den årlege festivalen Forskingsdagane (nasjonalt arrangement) blei det  i  Volda arrangert ein familiedag på Volda bygdetun. Arrangementet har blitt gjennomført fleire år tidlegare også og er blitt ein fin og populær tradisjon. Under dagen skulle vi som er studentar ved Mat, kultur og konservering-studiet ved Høgskulen i Volda vere på plass med ulike matrettar, råvarer, oppskrifter og aktivitetar der både liten og stor kunne ta del og lære. Hovedmålet var å lære og vise folk om forskjellige kulturelle og historiske tradisjonar knytta til mat.

søndag 28. august 2016

Konservering

Safting, sylting og hermetisering


Heimelaga plommesyltetøy og tyttebærgelè.
Foto: eiget.


Den fyrste skulesamlinga i studiet ”Mat, kultur og konservering” jobba vi med konservering av grønsaker, frukt og bær. Det vart laga både syltetøy, saft, sylta grønsaker, hermetisert frukt og tørka frukt. Ei fin samling med mykje spennande produkt. Deretter var oppgåva å konservere to individuelle produkt i etterkant på eiga hand heime. Det var slettes ikkje lett å bestemme seg for kva eg skulle lage, sidan det var alt for mange ting som freista å prøve seg på. Valet fell til slutt på tyttebærgelè og plommesyltetøy. Gelè av forskjellige bær har eg brukt å lage i fleire år, og plommesyltetøy synest eg har ein nydeleg smak, så då vart det slik.