søndag 30. oktober 2016

Konservering av kjøt

Lammelår lagt til salting før tørking.
Foto: Mari-Lene Korsnes


Den tredje samlinga på studiet mat, kultur og konservering var vi samla på garden til Eli og Nils Romestrand i Barstadvik. Der fekk vi vere med på slakting og partering av lam og sjå korleis den prosessen føregår. I tillegg fekk vi prøve oss på å lage morpølse av fårekjøt og smake på smalahove og blodpannekaker. Dette var ein svært lærerik dag på mange måtar. Spørsmålet om kvar maten vår kjem ifrå blei verkeleg satt på spissen denne dagen og vi fekk erfare sjølve korleis det er å både sjå og kjenne på maten frå liv til livlaust produkt på fatet. Dette er ei flott erfaring som eg vil anbefale alle til å få med seg om ein nokon gong får moglegheit.

søndag 2. oktober 2016

Familiedag på Volda bygdetun, Haualeite, 25. September 2016


Eg sjølv og Ellen i full konsentrasjon om å få klargjort stasjonen vår til dei besøkande kjem.
Foto: Sindre Hansen

Under den årlege festivalen Forskingsdagane (nasjonalt arrangement) blei det  i  Volda arrangert ein familiedag på Volda bygdetun. Arrangementet har blitt gjennomført fleire år tidlegare også og er blitt ein fin og populær tradisjon. Under dagen skulle vi som er studentar ved Mat, kultur og konservering-studiet ved Høgskulen i Volda vere på plass med ulike matrettar, råvarer, oppskrifter og aktivitetar der både liten og stor kunne ta del og lære. Hovedmålet var å lære og vise folk om forskjellige kulturelle og historiske tradisjonar knytta til mat.